tirsdag 28. oktober 2008

Låtråd i oktober

I haust har eg lytta mykje på desse låtene:

Miles Davis - My ship
Songen har musikk av Kurt Weill og tekst av Ira Gershwin. Frå albumet Miles Ahead, kvar han speler melodistemma i eit ministorband leida av arrangøren Gil Evans. Sjølve songen fann eg fyrst på youtube, spelt av ein vordande, ung jazztrompetist. Så leter ein litt tilfeldig i soulseek.... det ballar seg til

The Aller Værste - Du sklei meg så nært inn på livet
Norsk new wave på norsk. Denne er frå filmen om Mannen som elsket Yngve. Tromboneintro!

Kenny Barron Super Trio – Stolen Moments
Stolen Moments speler me i Agder ungdomsstorband, på kvar einaste konsert, og sidan eg likte han, har eg ransakt fildelingsland for ulike utgåver. Her er det ein dyktig fyr på flygel og ein på kontra og ein på trommer, og det er den versjonen eg liker best.

Miles Davis – Gone, Gone, Gone
Mystisk. Alle de rare voicingene, også arrangert av Gil Evans. Mange, rare lyder. Ein klagande støvsuger.
Vamp – Der borte
Nydelige tekst, nydelige melodi. Jamne/Toft

Dizzy Gillespie – Jordu
Eg liker ljoden på innspillingane frå 40-50-tallet. Akustisk, organisk. Og så er det ein fin song...

Side Brok – Sætra (med Aparte)
Også her er det køntribass. Veldig god driv i rappinga, og i bridgen er det tilogmed gåbass! Pluss trompet i refrenget.

Vamp – Sirkus av lys
TRÆKKSPILL. Fortsatt fyrste spor på samme plate som Der borte, så då er det ikke rart eg liker den.

James Brown – The Chicken
Enda ein låt eg ble hekta på etter å ha spilt den..gullkylling! Versjonene til Jaco Pastorius, han som gjorde låta superkjent (men han fann ikkje på baslinja), er også fine.

Du finn dei her, om du har lyst til å høra dei: SPOTIFY!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv i vei!