mandag 17. november 2008

Ubuntus black screen of nyfikne

Etter to dagar med nytt OS ville ho skifta skrivebordsbakgrunnen. Var så lei av den skinnhellige vektorføniksen i brunt og oransjetonar. Etter å ha valgt ein utslitt skinnmatte til bakgrunn, tok ho ein titt på dei andre valgmulighetene. Det var eit liste-felt for ulike skjermvisningar. Då ho klikka på det, synte det valga - "vanlig visning" - "opp ned". Opp ned? "På ubuntu går det an å sette skjermen opp ner! HAH!" ropte ho til studiekamaraten. Han sa "OK" og spilte Battlefield Vietnam.

Og ubuntu-skjermen sa:
- tIK, tAK (digitalur, ikkje TIMEGLAS) :: Vennlegst vent medan innstillingane vert lagra

Skjermbildet kom tilbake. Musa var opp-ned. Nei, heile skjermen var snudd opp-ned. Med ein skjerm som er oppned, kan ein tulla med folk. Det virkar berre med stasjonære pcer. Ein snur skjermen på hodet. Då vil biletet se riktig ut, men oppføra seg speilvendt når folk freistar sjekka facebook-profilen sin. Berre synd det ikkje finnst så mange stasjonære lenger.

Men no klarte ho ikkje gjera så mykje meir. Musa svarte ikkje, og heller ikkje tastaturet. Ho reboota, det gjekk oppfriskandes snøgt. Innloggingsvinduet syntes framleids opp-ned, men ho klarte greit å logga inn. Opp-ned-musa viste seg, men det blei også med det. Ikkje noko anna kom fram. Skjermen var svart og opp-ned. Oi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv i vei!