tirsdag 10. februar 2009

Ugrasmiddel


Det var ein gong i tida, at ein byrja å benytta kunstgjødsel for å auka utbyttet frå jordene. SÅ plutselig, ein dag, kom ugrassmidlet. Det var ein heilt ny oppfinnelse! Kva skulle bonden då med folk som lukte ugraset? For det fyrste var det for dyrt. Ugrasmiddelet var subsidiert av Staten og kosta mindre enn mjølk.

Han hadde jo ansatt lukarar i mange år før, då var det ikkje for dyrt. Dei fekk gratis mossjon attpåtil. Men då kosta også alt anna mykje mindre. Donaldblada hadde stege frå to til treogfemti kroner, og arbeidarane kravde soleids meir i lønn. Dessuten, dersom han ikkje tok i bruk dei samme midla som dei andre bøndane, ville ingen kjøpa dei dyrare potetane hans.

Så han gjekk sjølvtredve ut i det doggvåte morgongryet og sparka alle dei tårevåte lukarane. Dei tårevåte lukarane vart arbeidslause. Då dei gjekk til bonden to og ein halv veke seinare for å sjå om han hadde jobb til deim, beklagde han seg. For no eigde han potetar som satte seg sjølv og gav tomatar, i tillegg til ugrasmiddelet. Bonden tilverka meir mat enn nokon gong før.

Ved eit ulykkestreff blei det funne tre millioner dollarsetlar i ein madrass på fylkesjukehuset, og snart var ikkje dei forhenverande lukarane arbeidslause lenger. Dei fekk jobb med å designe dopapir. Det var god butikk, det, for folk samla på ulike dopapir. Ein av deim hadde ein pris for "Mest Innovative Tissue Design" i taket, to av dei kjøpte eitt boblebad, ein fekk seg to koner, og alle ått ein andel i eit hyttefelt i Setesdalen.

Siden vart det dårlege tidar lell, så folk måtte byrja tørka seg med papiret, og dei mista jobben. Nokre svært få forsøkte også å eta papiret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv i vei!