Viser innlegg med etiketten på nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten på nynorsk. Vis alle innlegg

tirsdag 10. februar 2009

Ugrasmiddel


Det var ein gong i tida, at ein byrja å benytta kunstgjødsel for å auka utbyttet frå jordene. SÅ plutselig, ein dag, kom ugrassmidlet. Det var ein heilt ny oppfinnelse! Kva skulle bonden då med folk som lukte ugraset? For det fyrste var det for dyrt. Ugrasmiddelet var subsidiert av Staten og kosta mindre enn mjølk.

Han hadde jo ansatt lukarar i mange år før, då var det ikkje for dyrt. Dei fekk gratis mossjon attpåtil. Men då kosta også alt anna mykje mindre. Donaldblada hadde stege frå to til treogfemti kroner, og arbeidarane kravde soleids meir i lønn. Dessuten, dersom han ikkje tok i bruk dei samme midla som dei andre bøndane, ville ingen kjøpa dei dyrare potetane hans.

Så han gjekk sjølvtredve ut i det doggvåte morgongryet og sparka alle dei tårevåte lukarane. Dei tårevåte lukarane vart arbeidslause. Då dei gjekk til bonden to og ein halv veke seinare for å sjå om han hadde jobb til deim, beklagde han seg. For no eigde han potetar som satte seg sjølv og gav tomatar, i tillegg til ugrasmiddelet. Bonden tilverka meir mat enn nokon gong før.

Ved eit ulykkestreff blei det funne tre millioner dollarsetlar i ein madrass på fylkesjukehuset, og snart var ikkje dei forhenverande lukarane arbeidslause lenger. Dei fekk jobb med å designe dopapir. Det var god butikk, det, for folk samla på ulike dopapir. Ein av deim hadde ein pris for "Mest Innovative Tissue Design" i taket, to av dei kjøpte eitt boblebad, ein fekk seg to koner, og alle ått ein andel i eit hyttefelt i Setesdalen.

Siden vart det dårlege tidar lell, så folk måtte byrja tørka seg med papiret, og dei mista jobben. Nokre svært få forsøkte også å eta papiret.

mandag 17. november 2008

Ubuntus black screen of nyfikne

Etter to dagar med nytt OS ville ho skifta skrivebordsbakgrunnen. Var så lei av den skinnhellige vektorføniksen i brunt og oransjetonar. Etter å ha valgt ein utslitt skinnmatte til bakgrunn, tok ho ein titt på dei andre valgmulighetene. Det var eit liste-felt for ulike skjermvisningar. Då ho klikka på det, synte det valga - "vanlig visning" - "opp ned". Opp ned? "På ubuntu går det an å sette skjermen opp ner! HAH!" ropte ho til studiekamaraten. Han sa "OK" og spilte Battlefield Vietnam.

Og ubuntu-skjermen sa:
- tIK, tAK (digitalur, ikkje TIMEGLAS) :: Vennlegst vent medan innstillingane vert lagra

Skjermbildet kom tilbake. Musa var opp-ned. Nei, heile skjermen var snudd opp-ned. Med ein skjerm som er oppned, kan ein tulla med folk. Det virkar berre med stasjonære pcer. Ein snur skjermen på hodet. Då vil biletet se riktig ut, men oppføra seg speilvendt når folk freistar sjekka facebook-profilen sin. Berre synd det ikkje finnst så mange stasjonære lenger.

Men no klarte ho ikkje gjera så mykje meir. Musa svarte ikkje, og heller ikkje tastaturet. Ho reboota, det gjekk oppfriskandes snøgt. Innloggingsvinduet syntes framleids opp-ned, men ho klarte greit å logga inn. Opp-ned-musa viste seg, men det blei også med det. Ikkje noko anna kom fram. Skjermen var svart og opp-ned. Oi.

fredag 6. juni 2008

Buksevatn

7. oktober 2008 Buksevatn
Denne historien har nå blitt forsøkt skrevet om til leselig nynorsk. Finn fire feil.

--------------------------------------------------------------------------------

Nett no svirrar eg rundt og rundt, og ein positiv ting med det er at buksa mi held på å bli tørr.

Tenk at ikkje før man når di siste tohundre meterne er det at ein innser at ein skal nå slutten. Heile tida før hadde ein berre ein anelse om at det ein gong ville ta slutt, og imens var det lite forandring å spora der nere. Nei, husene såg like store ut nesten heile tida.

Eg sat på fyrste klasse luksus-supercomfort på flyet mellom Trondheim og Oslo. Der flyg kring fem slike fly om dagen. Eg fekk det for meg at verda hata meg, og det hadde eg rett i. Det er vel det som er merkeleg, for verda hatar eigentlig ingen. Ossen er det mulig at verda, beståande av antimaterie og materie, føler noko som helst? Eg trur at det kun er sjølve Gaia som har kjensler.

Med ett er det noko kvitt og rosaspraglete i høgre augokant som stel oppmerksemda mi, og eg ser eit fly, eit japansk pokemonfly, for eg sit ved flyvindaugoet. Den eine vengjen på pokemonflyet råker såvidt borti vengjen på flyet eg sit i, eg kunna svergja på at eg kjende eit lite støyt? Det var ein svert usannsynleg hendelse, at ein fyldig jumbojet besudla med stygge, japanske tegninger skulle ha klart å innta norsk luftrom. Vidare, kva gjorde det der? Var det eit russisk pokemonfly som tøyde grensene?